Hardanger Musikkfest 2018

16. mai - 21. mai – Natur/Endring

Tema for festivalen i 2018 er Natur/Endring

Festivalen inneheld sjølvaste 17. mai med en storslått grunnlovsfeiring i blømingstida!

Me ynskjer å feira den klassiske kammermusikken. Kammermusikk oppsto ut frå eit ynskje om å oppleva det intime ved musikken; å koma tett på. Ordet kjem frå italiensk camera som betyr lite rom. Først atterhalde overklassen, vart kammermusikken etterkvart eit utstrakt fenomen kor det vart framført stor musikk i små rom.
På festivalen i 2018 vil me halda huskonserter i stover og tun. Rolla til naturen i dette repertoaret er påfallande, den vart ofte brukt som metafor for dei eksistensielle menneskelige kjenslene som lengsel, avmakt, sorg og begjær.
“Winterreise” av Schubert er langt meir enn ei reise gjennom eit vinterlandskap, det er ei reise i menneskesinnet. Diktarar som Goethe og Schiller så i likskap med kollegaane sine i den klassiske æra på naturen som et ideal der harmoni og einskap herska. På programmet står noko av det vakraste frå kammermusikkrepertoaret: strykekvartettar av Haydn, lieder av Schubert og
urframføringar; kanskje morgondagens Grieg står på programmet?
Musikalsk synergi, teknisk virtuositet, medrivande speleglede og ein frisk tilgang til det klassiske repertoaret kjenneteiknar artistane som kjem til Hardanger. Ny norsk dikting møter moderne musikk når den norske trioen Poing kjem med Bent Sørensens verk “De fire årstider”. Livet, kunsten, kjærleiken, verda, været – alt speglar seg i Tomas Espedals bok “Året” som stykket spinner rundt.
Det blir grensesprengande folkemusikk der norske røter møter orientalske impulsar. Kva er felles i folkemusikk frå den andre sida av jorda? Kva er det med krafta til musikken?
Kanskje det uforanderlige i hjarta til menneske både knyt oss til generasjoner før oss og folk langt frå oss.
Me lev i en tid der menneske belastar jordkloden meir enn nokon generasjonar før oss. Merka våre på jorda kan gi katastrofale følgjer. Den overveldande krafta til naturen er lunefull, samstundes er det evige ved naturen fascinerande; at det igjen skal bli vår, at snøen skal smelta.
Programmet er inspirert av forvandlinga og forandringa til naturen.
Hardanger Musikkfest 2018 vil feira naturen og fylla den med innhald, og fylla fjorden med musikk.



Kom til Hardanger i pinsen, og kom nærare musikken med musikk som rører! Tora Augestad & Therese Birkelund Ulvo, Kunstneriske leiarar.

Hardanger Musikkfest vart etablert av Stig Nilsson i 1996. Den dåverande konsertmeister i Oslo Filharmoniske orkester hadde i nokre år vore på jakt etter ein stad der han kunne invitera vener og kollegaer til felles musisering, og skapa ein festival basert på positive relasjonar og god musikk.  

Staden fann han i Hardanger, nærare bestemt Ullensvang herad, kor kulturkontoret tok vel imot både han og ideen, og hjalp til med å realisera og gjennomføra festivalen. Festivalen sitt senter har frå fyrste år vore Hotell Ullensvang i Lofthus, som med fantastiske kvalitetar og vakre omgjevnader er ideell for både festivalen, utøverane og publikum. 

Hardanger Musikkfest etablerte seg raskt som ein av landets finaste festivalar for klassisk kammermusikk og folkemusikk. Festivalen vaks seg større i tal arrangement og geografisk spreiing i regionen enn det Stig Nilsson hadde kunna drøymt om. Kvart år er det konsertar i alle dei tre hardangerkommunane Ullensvang herad, Odda og Eidfjord kommune, og festivalen gjennomfører 30-40 konsertar og førestellingar under festivalen.  

Artistane som vert inviterte til Hardanger Musikkfest, reiser alltid slitne, men lukkelege heim. Det er mykje jobbing i 4 dagar, men den nære kontakten til publikum, musikken, dei andre artistane og den strålande vakre naturen i Hardanger, gjer det til ei glede for alle involverte. Publikum er både lokale kulturinteresserte, og tilreisande frå nær og fjern. Dei siste åra har utanlandske publikumarar kjøpt 1/6 av billettane.  

Då Stig  Nilsson valde å tre tilbake som kunstnarisk leiar  i 2012, blei Anders Kjellberg Nilsson og Wolfgang Plagge engasjerte som kunstnariske leiarar.   

Etter to flotte festivalar valde dei å overlata ansvaret  til ein av landets lovande komponistar, Therese Birkekund Ulvo, og songar Tora Augestad.

Festivalen 2016