Arnfinn Gursli Langesæter, Årets Stjerneskot 2017
17.08.2017

Årets Stjerneskot 2017

Hardanger Musikkfest sitt Stjerneskot 2017 er Arnfinn Gursli Langesæter

Årets prisvinnar kjem frå ein musikalsk familie og har musisert sidan han var ein neve stor.

Kanskje nettopp på grunn av dette viser han stor breidde og fleksibilitet, og er den type musikar som kan plukka opp dei fleste intrument og koma vekk med det.

Sin dedikasjon til musikken viste han tidleg, blant anna då han 15 år gamal flytta frå Hardanger til Bergen for å gå på musikklina på vidaregåande.

Musikkfesten ynskjer å gje prisvinnaren motivasjon til å halda fram si allereie flotte musikalske ferd.

Årets stjerneskot er aktiv, og har den siste veka vore i sving i eit pedagogisk prosjekt saman med barneskulen i Kinsarvik. 

Allereie i kveld skal han få utfalda seg meir, og blir å høyra på fleire ulike scener i løpet av festivalen.

Han er utan tvil eit stort talent, og har gjennom si utdanning ved Griegakademiet landa trygt i jazzen.

Han har ein naturleg musikalitet og ein vakker, varm tone i instrumentet.

Det er ei gleda å meddela at Hardanger Musikkfest sitt Stjerneskot 2017 er:

ARNFINN GURSLI LANGESÆTER

Hardanger Musikkfest ynskjer å vera med å utvikla framtida. Saman med Kavlifondet har me oppretta ein pris som skal gå til eit ungt talent. Prisen, som er på 20 000 kr, er meint å vera eit lyft til inspirasjon og oppmoding. Kanskje opnar den moglegheiter, og kan oppfylla nokon draumar.

Difor kallar me prisen Stjerneskot.