Foto: Halldor Gjernes
18.05.2016

Årets Stjerneskot 2016

Hardanger Musikkfest sitt Stjerneskot 2016 er: Mari Holven

Hardanger Musikkfest ynskjer å vera med å utvikla framtida. Saman med Kavlifondet og Sparebanken Vest har me oppretta ein pris som skal gå til eit ungt talent. Prisen, som er på 20 000 kr, er meint å vera eit lyft til inspirasjon og oppmoding. Kanskje opnar den moglegheiter, og kan oppfylla nokon draumar. Difor kallar me prisen Stjerneskot.

Juryens begrunnelse:

Årets prisvinnar viser tross sin unge alder seriøsitet og musikalsk alvor. Musikkfesten ynskjer å gje prisvinnaren motivasjon til å halda fram si allereie flotte musikalske ferd. Årets stjerneskot er aktiv, og har under årets festival hatt store solistoppdrag. Ho er utan tvil eit stort talent, og har brukt mykje tid på å utvikla repertoar og forbetra songteknikk. Ho har ein naturleg og eigeneigd musikalitet, og eit særpreg som kjem innanfrå. Som kvedar er ho ein viktig tradisjonsberar for ei rik kulturarv.