Skrivargarden, Lofthus

Skrivarstova ligg i den gamle Skrivargarden som var bygdas maktsentrum i tidlegare tider.

Sorenskrivaren var ein av fire embetsmenn som på statens vegne stod for det meste av det lokale styre og stell i Noreg. I tilegg kom futen, kapteinen og presten. Dette var ein elitekultur, med sterke band til Europa, og det viser att på stilen på bygningen som vart reist på slutten av 1700-talet. Dette huset, som stod nokre hundre meter lenger nord, vart rive, men teke vare på og seinare reist her det no står. Det er gjort eit omfattande restaureringsarbeid for å føra det tilbake til slik det eingong var.

%}

Konserter på Skrivargarden, Lofthus

18. mai, 2018
kl 11.00
Pris: 250,-

Smykke & segn på Skrivargardaren
Anna Talbot // Alexander Aga Røynstrand // Harpreet Bansal // Agnete Sivertsen

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Anna Talbot & Agnete Sivertsen i samtale. Musikalsk fylgje av Harpreet Bansal og Alexander Aga Røynestrand.