Sima Kraftstasjon

Sima Kraftstasjon ligg ca 6 km frå Eidfjord sentrum. Reguleringsområdet er delt i to, Lang-Sima og Sy-Sima.

Vatnet frå begge områda kjem ned til kraftstasjonen og gjer denne til eit av dei største vasskraftverka i Europa. Stasjonshallen ligg 700 m inne i fjellet, og er 200 m lang, 20 m brei og 40 m høg. Under musikkfesten vert hallen nytta til konsert. Då stansar Statkraft som er hovudsponsor for Hardanger Musikkfest, all produksjon i kraftverket. Publikum vert frakta inn i fjellet med bussar.

%}