Lilletopp, Vaktarbustad og fordelingsbasseng

Lilletopp er ei husklynge på toppen av rørgata som er synleg frå riksvegen gjennom Tyssedal, og er eit viktig kulturminne for kraftproduksjonen i Tyssedal.

Fram til Lilletopp vart vatnet leia i to tunnellar. Der var det eit fordelingsbasseng før vassmassane vart sluppe gjennom rørgata 400 meter rett ned til kraftstasjonen. På Lilletopp budde damvoktar med familien sin. Der er dessuten ei rekkje hus som hadde ulike funkjsonar, som ventilhus, naust, og verksted. I dag er det Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tyssedal som har ansvaret for Lilletopp.

%}