Krossvoll, Lofthus

Krossvoll er ungdomshuset i Lofthusbygda. Huset vart opna i 1901 og festsalen er rikt dekorert.

Den flotte treskurden er utført av treskjeraren Lars Kinsarvik. Han heldt til i Kinsarvik der han hadde skule for treskurd. Då Bjørnstjerne Bjørnson vitja Lofthus fyrst på 1900-talet, heldt han tale her. Huset er seinare ombygd og restaurert og vert idag nytta både til brudlaup, møter og kino.

%}

Konserter på Krossvoll, Lofthus

2. juni, 2017
kl 23.00
Pris: 150,-

Fredagskveld med Stian Cartensen
Stian Carstensen

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Kom og opplev ein av dei beste musikarane i Europa; multiinstrumentalist Carstensen inviterer til ein konsert av dei sjeldne! Ikkje gå glipp av denne sjansen til ei forrykande oppleving!

3. juni, 2017
kl 23.00
Pris: 250,-

Danseaften på Krossvoll
Lautten Compagney // Frank Rolland

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Barokkmusikk og folkemusikk i herleg samspel! Lautten Compagney og Frank Rolland inviterer til ”Danseaftan på Krossvoll” med den tyske dansaren Jutta Voss. Ta med dansegleda og lat deg riva med!

Kjøp billett

4. juni, 2017
kl 22.00
Pris: 350,-

Oppskåka med Therese og Tora: Eit musikalsk prateprogram
Tora Augestad // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

(Oppskåk: smakstest, prøvesmaking av øl) ”Oppskåka” er festivalen sin versjon av eit musikalsk prateprogram. Festivalleiarane intervjuar artistane og prøver å koma under huda på dei. Kva driv artistane framover? Kvifor og korleis starta dei med musikk? Me får høyra artistane sine favorittlåtar og gode historier. Her kan du verta godt kjend med festivalartistane og musikklivet! Nyt den siste festivalkvelden i ein intim og underhaldande atmosfære. Ekspedisjonen serverer mat og drikke!

Kjøp billett