Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Tysso I er det første freda kraftanlegget i Noreg. Det er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag.

Det framstår no nyoppussa, mektig og flott. Konsertar i Tysso I der dei gamle turbinane enno står, er ei spesiell oppleving. Klangen minnar om dei store katedralane i Europa. Akustikken har svært lang etterklang og stiller heilt spesielle krav til utøvarane.

%}

Konserter på Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

20. mai, 2018
kl 17.00

Rumi Songs i Kraftkatedralen
Trygve Seim // Tora Augestad // Frode Haltli // Svante Henryson

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Trygve Seim sine prispåskjøna songar til persisk poesi. Med Tora Augestad, Frode Haltli og Svante Henryson.

Billettsalget starter 1. mars.
Meld deg på nyhetsbrev for å sikre deg informasjon tidlig