Hardangerhallen, Lofthus

Hardangerhallen er ein tennishall med glasvegger som gjev ein fantastisk utsikt mot fjell og fjord. Her vert det bygd opp ei scene, og ein del av publikum kan sitja i amfi.

Hallen kan romma omlag 700 personar. Komponisten har fått sitt namn etter Edvard Grieg som fleire somrar budde på hotellet. På Lofthus skreiv han og fleire av sine komposisjonar, og inne i salen ligg eit teppe med notane til dei fyrste tonane av Våren vevd inn.

%}

Konserter på Hardangerhallen, Lofthus

1. juni, 2017
kl 18.00
Pris: 350,-

Opningskonsert
Birgitte Christensen // Det Norske Solistkor // Ensemble Allegria // Ingfrid Breie Nyhus // Lautten Compagney // Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Årets festival har to orkester og eit kor i verdsklasse som gjester. Desse kan du oppleva på ein opningskonsert som trekk linjer frå Bach til Lachenmann. Barokkmusikk som riv med og Bartoks fantastiske ”Rumenske Danser”, er nokre av høgdepunkta på opningskvelden: “Syng for herren ein ny song!”.

2. juni, 2017
kl 21.00
Pris: 350,-

Sigrid Moldestad med Ensemble Allegria
Sigrid Moldestad // Ensemble Allegria

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

«Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad ei av våre kjæraste folkemusikarar. Som artist meistrar ho kombinasjonen av å vera ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale.» Dette sa juryen då Moldestad fekk Medaas-prisen i 2016. Saman med Ensemble Allegria og rykande ferske arrangement vert denne konserten ei stjernestund i Hardangerhallen!

Kjøp billett

3. juni, 2017
kl 20.00
Pris: 400,-

Mozartig! Operagalla
Chorus 80 // Det Norske Solistkor // Ensemble Allegria // Håvard Lund // Lautten Compagney // Tora Augestad // Birgitte Christensen

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Opplev Allegria, 4 lokale kor, Solistkoret og solistar saman i ein stor operagalla via til Wolfgang Amadeus Mozart! Arild Helleland har regi på denne festaftan!

Kjøp billett

4. juni, 2017
kl 12.00
Pris: 300,-

Griegkonserten 2017
Birgitte Christensen // Bengt Forsberg // Ingfrid Breie Nyhus

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Birgitte Christensen syng nokre av dei vakraste songane til Grieg, både frå det norske og tyske repertoaret hans. Bengt Forsberg og Ingfrid Breie Nyhus kastar seg over nokre av dei mindre spelte firhendige stykka hans. Opplev musikken til Grieg i hans rette element!

Kjøp billett

5. juni, 2017
kl 11.00
Pris: 300,-

Avsluttingskonsert
Ensemble Allegria

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Britten og Bartok står på programmet når Ensemble Allegria rundar av årets festival.

Kjøp billett