Gamle Eidfjord kyrkje

Eidfjord kyrkje vart truleg bygd i 1309, og i 2009 vart 700-års jubileet markert ved fleire høve, m.a. under Hardanger Musikkfest.

Kyrkja var vigd til apostelen Jakob den eldre, men ein trur at det stod ei stavkyrkje her før den tid. Truleg har steinkyrkja vorte bygd omkring stavkyrkja medan denne framleis stod. Segna seier at det er den råderike og mektige Rike-Ragna som har reist kyrkja for å sona syndene sine. Slik kyrkja i Eidfjord står, har ho stått i nær 600 år, men då utan tårn. Det kom til seinare.

%}