Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Ekspedisjonen Skjenkestove ligg i Lofthus i Hardanger, i kjellaretasjen i Tunvollbygget. Skjenkestova er eit godt norsk ord for "pub". Dei har eige bryggeri, held ope kvar helg heile året, og arrangerer kvissar, konsertar og andre energigivande arrangement.

Besøk hjemmeside
%}

Konserter på Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

1. juni, 2017
kl 23.00
Pris: 150,-

Festivaldrøs med Håvard Lund
Håvard Lund // Arnfinn Gursli Langesæter // Bengt Forsberg // Tora Augestad // Stian Carstensen

Konsertarena: Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Kom på eit musikalsk sjøslag på Ekspedisjonen med Lund og venene hans. Kva som skal skje er ope, men musikalsk kreativitet vert det! Håvard Lund er ein musikar og komponist med forføringsbehov, eller i alle fall eit sterkt behov for å dulta og bevega. Festivaldrøs 2017 blir eit ølvennlig ”infotainment”: eit føredrag om musikk for vaksne som har lyst til å læra. Med alfabetet som utgangspunkt skal Håvard gje dykk eit innsikt på 58 minutt i fysikken og kjemien som ligg bak den vakraste kunstarten av dei alle; musikk. Som vitskapsassistentar har han med seg Arnfinn Gursli Langesæter, Stian Carstensen, Tora Augestad, Bengt Forsberg og musikarar frå Ensemble Allegria.

3. juni, 2017
kl 16.00
Pris: 250,-

Cidervandring - smaken av Lofthus

Konsertarena: Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Ei vandring til gardskjellarane i Lofthus, kor det blir smaksprov på den lokale eplecideren (eller eplesaft for dei som vil gå stødig heim etterpå) Musikkinnslag og historiar. Vandringa starter frå Ekspedisjonen Skjenkestove, ca 2 timer

Kjøp billett