Konsterarenaer

Eidfjord

Tunet på Haugen

Lokal gardsbutikk som selger økologiske gardsprodukt, kunsthåndverk og og serverer lunsj. Du kan også bake ditt eige flatbrød eller annen heimabakst og få det servert med heimelaga syltetøy og kaffe / te.

Odda

Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Tysso I er det første freda kraftanlegget i Noreg. Det er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag.

Odda kyrkje

Odda kyrkje står i Odda sentrum i Odda kommune i Hordaland fylke og er ei langkyrkje bygd i tre i 1870. Ho står på odden mellom utlaupet til elva Opo og inste delen av Sørfjorden og er soknekyrkje i Odda sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja.

Ullensvang

Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Ekspedisjonen Skjenkestove ligg i Lofthus i Hardanger, i kjellaretasjen i Tunvollbygget. Skjenkestova er eit godt norsk ord for "pub". Dei har eige bryggeri, held ope kvar helg heile året, og arrangerer kvissar, konsertar og andre energigivande arrangement.

Fjordahallen, Kinsarvik

Den store, flotte fleirbrukshallen i Kinsarvik sto ferdig i 2015.

Graaten

Graaten ligg idyllisk til like ved Hardangerfjorden og er ein gamal handelsplass frå 1880, men renovert i 1994. Både friluftsmuséet Skredhaugen og gardsbutikken på Lutro er like ved. Bustaden har eiga strand og fiskeplass.

Kinsarvik kyrkje

Kinsarvik kyrkje er den eldste steinkyrkja i Hardanger. Ho er bygd i åra 1150-1160.

Krossvoll, Lofthus

Krossvoll er ungdomshuset i Lofthusbygda. Huset vart opna i 1901 og festsalen er rikt dekorert.

Munkekjellaren på Alvavoll

Munkekjellaren ligg på Alvavoll frukt- og sidergard. Garden ligg på ei morenehøgd rett ovom Lofthusbygde, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler. På garden er det funne mange gravrøyser og ein runestein frå år 300, “Opedalsteinen”. På garden vert det i dag produsert eple, plommer, pærer, honning, saft og sider.

Skrivargarden, Lofthus

Skrivarstova ligg i den gamle Skrivargarden som var bygdas maktsentrum i tidlegare tider.

Ullensvang Gjesteheim

Ullensvang Gjesteheim er ein heim med triveleg miljø og uformell stemning. Her er overnatting og matservering i rolege omgjevnader like ved vakre Ullensvang Kyrkje på Lofthus. Den koselege restauranten byr på tradisjonell Hardangermeny, men også meir eksotiske rettar. Om sommaren er det uteservering.

Ullensvang kyrkje

Ullensvang kyrkje høyrer me fyrst om i eit dokument frå 1309. Truleg har kyrkja vore bygd før den tid, kanskje ein gong mellom 1250 og 1300.