Hardanger Musikkfest 2016

Frå 12. til 16. mai 2016 fekk publikum velja frå ein festivalmeny med omlag 30 konsertar i Eidfjord, Odda og Ullensvang. Frå tidleg morgon til seine kvelden og natta.

Musikkfesten 2016 vart ei vakker reise og feiring i musikalske spor.

Festivalen feira 20 år og vi vende tilbake til røtene, til Hardanger og det som gjer Hardanger spesielt i den musikalske forteljinga.

Bergen Filharmoniske Orkester kom og spelte heile tre konserter. Folkemusikken sto sentralt, og me gjentok suksessen frå i fjor med frukost og lunsjkonsertar.

Store gallakonsertar, intime forteljingar og kammermusikk på høgste nivå i vakre lokale som ligg som perler langs fjorden.

Takk til dei fantastiske artistane: AK Teigland, Benedicte Maurseth, Bergen Filharmoniske Orkester, Berit Opheim,Chorus 80, Christian Stene, Edmund Utne, Eli Børsheim Kvåle Frank Rolland, Frida Fredrikke Waaler Wærvågen,Geir Botnen, Håkon Kornstad, Helge Jordal, Ingrid Andsnes, Knut Hamre, Knut Olav Åmås, Liv Hilde Klokk Mari Holven, Norges Ungdomskor, Ruth Lillegraven, Steinar Rygg, Stig Nilsson, Therese Birkelund Ulvo, Tora Augestad, Torgeir Straand, Torkjell L. Børsheim Trio Mediæval, Trio Taus, Trygve Brøske, og Åse Teigland.