Tyler Futrell

Tyler Futrell (f. 1983) er ein Oslo-basert komponist, opphavleg frå Nord-California. Han har studert ved Det Kgl. Danske Musikkonservatorium, ved New England Conservatory i Wien. Futrell har vore basert i Oslo sidan 2010 og har samarbeidd med ensemble og festivalar som Ultimafestivalen, Borealis, ILIOS-festivalen og BIT20. Futrell skriv i hovudsak for akustiske instrument og stemme, og inkorporerer ofte rom inn i musikkens struktur. Hans verk har vorte framførd internasjonalt av ensemble som Wiener Concert-verein Orkester (AT), Athelas Sinfonietta (DK) og Esbjerg Ensemble (DK). Kommande prosjekt inkluderer stykke for TrondheimSolistene og Ingfrid Breie Nyhus. På Hardanger Musikkfest vert det urframført eit stykke av han for Engegårdkvartetten.

Opplev Tyler Futrell på Hardanger Musikkfest

21. mai, 2018
kl 11.00
Pris: 300,-

Overtonar i Ullensvang kyrkje
Engegårdkvartetten // Norges Ungdomskor // Tyler Futrell // Yuval Weinberg

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Norges Ungdomskor og Engegårdskvartetten.