Tora Augestad

Tora Augestad, mezzosopran Tora Augestad si allsidigheit inspirerer komponistar, regissørar, dirigentar og andre musikarar. Vokalt let ho seg vanskeleg setja i bås – som utøvar er ho fleksibel, uttrykksfull, presis, scenisk overbevisande og med ein uvanleg personlegdom. Augestad vier seg til repertoar frå det 20. og 21. århundre og meistrar eit stort spenn av uttrykk. Ho tingar jamleg nye verk, sist ein kammeropera som hadde premiere under Festspillene i Bergen i 2015. Sidan 2010 har Augestad samarbeida med den sveitsiske regissøren Christoph Marthaler i prosjekter som spenner frå ein opera av Beat Furrer til leikne kombinasjonar av klassisk, jazz, pop og cabaret i Marthaler sitt eige arbeid. Augestad har sunge med ensemble som Bergen og Oslo-Filharmonien, Ensemble Modern og Klangforum Wien. Ho er fødd i Bergen i 1979 og studerte klassisk musikk og jazz i Oslo, Stockholm, Berlin og München før ho avla eksamen i kabaretsong ved Norges Musikkhøgskole. I 2004 etablerte ho ensemblet Music for a while med eit stjernelag av norske jazzmusikarar. Ensemblet BOA utforskar landskapet mellom avantgarde og pop. Tora Augestad er ein av to kunstnariske leiarar for Hardanger Musikkfest. Augestad vart nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2015. 


Opplev Tora Augestad på Hardanger Musikkfest

20. mai, 2018
kl 17.00

Rumi Songs i Kraftkatedralen
Trygve Seim // Tora Augestad // Frode Haltli // Svante Henryson

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Trygve Seim sine prispåskjøna songar til persisk poesi. Med Tora Augestad, Frode Haltli og Svante Henryson.

Billettsalget starter 1. mars.
Meld deg på nyhetsbrev for å sikre deg informasjon tidlig

20. mai, 2018
kl 21.00

Oppskåka på Krossvoll
Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sitt musikalske preikeprogram.

Billettsalget starter 1. mars.
Meld deg på nyhetsbrev for å sikre deg informasjon tidlig