Therese Birkelund Ulvo

Therese Birkelund Ulvo Har studert komposisjon ved Norges Musikkhøgskole og Guildhall School of Music and Drama i London. Ho er ein av landets leiande unge komponistar, og blir beskreve som ein utøvarkomponist: Ho skriv ikkje eit stykke for sopran, men for ein heilt bestemt sopran med eit bestemt uttrykk. Ho arbeidar med menneske, istaden for eit instrument, i tett prosess med utøvarane ho skriv for. Musikken er inspirert av andre kunstfelt, som film, tekst og lydkunst. Ho har eit nært forhold til norsk tradisjonsmusikk, der man kan finne både det mikrotonale, det rapsodiske og opne former. Musikken hennar blir mykje framført, i inn- og utland. I tillegg til sitt virke som komponist er ho mellom anna aktiv som plateprodusent i fleire genre; folkemusikk, samtidsmusikk, elektronisk musikk og jazz. Therese var Rikskonsertenes intro-komponist 2011-2013. I februar 2015 urframførte Bergen Filharmoniske Orkester og dirigent James MacMillan hennar klarinettkonsert for solist Christian Stene. Ulvo mottok i 2015 De Unges Lindemanpris.

Opplev Therese Birkelund Ulvo på Hardanger Musikkfest

1. juni, 2017
kl 18.00
Pris: 350,-

Opningskonsert
Birgitte Christensen // Det Norske Solistkor // Ensemble Allegria // Ingfrid Breie Nyhus // Lautten Compagney // Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Årets festival har to orkester og eit kor i verdsklasse som gjester. Desse kan du oppleva på ein opningskonsert som trekk linjer frå Bach til Lachenmann. Barokkmusikk som riv med og Bartoks fantastiske ”Rumenske Danser”, er nokre av høgdepunkta på opningskvelden: “Syng for herren ein ny song!”.

4. juni, 2017
kl 22.00
Pris: 350,-

Oppskåka med Therese og Tora: Eit musikalsk prateprogram
Tora Augestad // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

(Oppskåk: smakstest, prøvesmaking av øl) ”Oppskåka” er festivalen sin versjon av eit musikalsk prateprogram. Festivalleiarane intervjuar artistane og prøver å koma under huda på dei. Kva driv artistane framover? Kvifor og korleis starta dei med musikk? Me får høyra artistane sine favorittlåtar og gode historier. Her kan du verta godt kjend med festivalartistane og musikklivet! Nyt den siste festivalkvelden i ein intim og underhaldande atmosfære. Ekspedisjonen serverer mat og drikke!

Kjøp billett