Sturm und Drang

Trioen Sturm und Drang består av Ragnar Heyerdahl (fiolin), Svein Haugen (kontrabass) og Eilif Moe (gitar). Dei to førstnemnde er til dagleg tilsett i Oslo Filharmoniske Orkester. Trioen spelar austeuropeisk sigøynarmusikk, klezmer, folkemusikk, operaparodiar og tango, samt eigne viser. Dei har spelt på Hardanger Musikkfest fleire gonger og er store publikumsfavorittar. Det er ei glede å ha dei tilbake!