Stian Carstensen

Stian Carstensen er ein norsk jazz- og folkemusikar, kjend som ein av dei fremste multi-instrumentelle musikarane i Noreg i dag. Han speler mellom anna trekkspill, gitar, fløyte, kaval, gaida og banjo. Ein konsert med Stian er alltid ei unik oppleving, av di han også trekkjer humor inn i musikken, og ofte legg inn sitat av annan musikk på dei mest uventa og uvande stadene. Dette gjer at publikum alltid sit andelaust lyttande til det han skapar i augneblinken.

Opplev Stian Carstensen på Hardanger Musikkfest

31. mai, 2017
kl 21.00
Pris: 300,-

Kveldstonar - Ullensvang kyrkje
Tora Augestad // Stian Carstensen // Sigbjørn Apeland // Ingfrid Breie Nyhus

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Velkomen til eit spanande musikalsk møte mellom Sigbjørn Apeland, Stian Carstensen, Tora Augestad og Ingfrid Breie Nyhus. Ny musikk møter barokkmusikk i ein vakker kveldstime for sjela.

1. juni, 2017
kl 13.25

NYBROTT PÅ ODDA VGS
Bengt Forsberg // Håvard Lund // Stian Carstensen // Frank Rolland // Tora Augestad // Ruth Lillegraven

Konsertarena: Odda Vidaregående

Musikkfesten fortset med det flotte samarbeidet med Odda Videregåande Skule. I år har elevar ved entreprenørskapslinja og vore involverte i musikkfesten. På konserten vert det smakebitar frå festivalprogrammet.

Billettsalget starter 1. mars.
Meld deg på nyhetsbrev for å sikre deg informasjon tidlig

1. juni, 2017
kl 21.00
Pris: 250,-

Kveldstonar - Odda kirke
Tora Augestad // Stian Carstensen // Sigbjørn Apeland // Ingfrid Breie Nyhus

Konsertarena: Odda kyrkje

Velkomen til eit spanande musikalsk møte mellom Sigbjørn Apeland, Stian Carstensen, Tora Augestad og Ingfrid Breie Nyhus. Ny musikk møter barokkmusikk i ein vakker kveldstime for sjela.

Kjøp billett

1. juni, 2017
kl 23.00
Pris: 150,-

Festivaldrøs med Håvard Lund
Håvard Lund // Arnfinn Gursli Langesæter // Bengt Forsberg // Tora Augestad // Stian Carstensen

Konsertarena: Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Kom på eit musikalsk sjøslag på Ekspedisjonen med Lund og venene hans. Kva som skal skje er ope, men musikalsk kreativitet vert det! Håvard Lund er ein musikar og komponist med forføringsbehov, eller i alle fall eit sterkt behov for å dulta og bevega. Festivaldrøs 2017 blir eit ølvennlig ”infotainment”: eit føredrag om musikk for vaksne som har lyst til å læra. Med alfabetet som utgangspunkt skal Håvard gje dykk eit innsikt på 58 minutt i fysikken og kjemien som ligg bak den vakraste kunstarten av dei alle; musikk. Som vitskapsassistentar har han med seg Arnfinn Gursli Langesæter, Stian Carstensen, Tora Augestad, Bengt Forsberg og musikarar frå Ensemble Allegria.

Kjøp billett

2. juni, 2017
kl 23.00
Pris: 150,-

Fredagskveld med Stian Cartensen
Stian Carstensen

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Stian Carstensen er ein norsk jazz- og folkemusikar, kjend som ein av dei fremste multi-instrumentelle musikarane i Europa i dag. Han speler mellom anna trekkspill, gitar, øyte, kaval, gaida og banjo. Ein konsert med Stian er alltid ei unik oppleving, av di han også trekkjer humor inn i musikken, og ofte legg inn sitat av annan musikk på dei mest uventa og uvande stadene. Dette gjer at publikum alltid sit andelaust lyttande til det han skapar i augneblinken.

Kjøp billett