Sigrid Moldestad

«Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad ei av våre kjæraste folkemusikarar. Som artist meistrar ho kombinasjonen av å vera ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale.» Dette sa juryen då Moldestad fekk Medaas-prisen i 2016. Sigrid Moldestad er ein glimrande utøvar både på hardingfele og fele, vokalist, tekstforfattar og melodimakar. Ho kjem frå Breim i Nordfjord og har beina trygt planta i den friske og utadvendte folkemusiken i området. Samstundes har ho laga kabaretar og vunne hjarte til mange med sine eigne songar.

Opplev Sigrid Moldestad på Hardanger Musikkfest

2. juni, 2017
kl 21.00
Pris: 350,-

Sigrid Moldestad med Ensemble Allegria
Sigrid Moldestad // Ensemble Allegria

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

«Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad ei av våre kjæraste folkemusikarar. Som artist meistrar ho kombinasjonen av å vera ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale.» Dette sa juryen då Moldestad fekk Medaas-prisen i 2016. Saman med Ensemble Allegria og rykande ferske arrangement vert denne konserten ei stjernestund i Hardangerhallen!

3. juni, 2017
kl 11.00
Pris: 250,-

Feleforteljingar
Sigbjørn Apeland // Sigrid Moldestad

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Sigrid Moldestad og Sigbjørn Apeland presenterer dei gløymde historiene om kvinnene i folkemusikken. Historiene handlar om livfulle damer som ikkje let seg stoppa og som let musikken få plass i ein kvardag som var prega av arbeid og plikter, naud og fattigdom.

Kjøp billett

3. juni, 2017
kl 14.00
Pris: 250,-

Feleforteljingar
Sigbjørn Apeland // Sigrid Moldestad

Konsertarena: Litteraturhuset, Odda

Sigrid Moldestad og Sigbjørn Apeland presenterer dei gløymde historiene om kvinnene i folkemusikken. Historiene handlar om livfulle damer som ikkje let seg stoppa og som let musikken få plass i ein kvardag som var prega av arbeid og plikter, naud og fattigdom.

Kjøp billett