Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin, og er busett i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har sidan gitt ut ein roman, fire småbarnsbøker og fem diktsamlingar for vaksne og barn. Kva inneheld eigentleg eit såkalla vanleg menneskeliv? Kva gjer ein når livet blir heilt annleis enn ein har tenkt. Korleis påverkar generasjonane kvarandre? Og kva skjer med all denne tida som berre renn gjennom oss og blir borte? Dette er blant dei spørsmåla Lillegraven har utforska i sine tre siste diktbøker for vaksne, den Brageprisvinnande Urd (2013), Manilahallen (2014) og Sigd (2016). Tematikken står også sentralt i fjorårets barnediktbok, Eg er eg er eg er, som blei nominert både til Brageprisen og Kritikarprisen. Den vakre og sårbare naturen – og syklusane i den – gjennomsyrar også Lillegraven sine forteljande og lett tilgjengelege diktsamlingar. Ruth Lillegraven har hatt fleire samarbeid med musikarar, blant anna Soga om Seselja saman med Rannveig Djønne og Tuva Syvertsen og Sigd saman med Benedicte Maurseth. Ho seier sjølv at å samarbeide med musikarar er noko av mest inspirerande ho gjer.

Opplev Ruth Lillegraven på Hardanger Musikkfest

1. juni, 2017
kl 11.00

Konsertlunsj på Jondal skule
Bengt Forsberg // Håvard Lund // Ruth Lillegraven

Konsertarena: Jondal Skule

Billettsalget starter 1. mars.
Meld deg på nyhetsbrev for å sikre deg informasjon tidlig

1. juni, 2017
kl 13.25

NYBROTT PÅ ODDA VGS
Bengt Forsberg // Håvard Lund // Stian Carstensen // Frank Rolland // Tora Augestad // Ruth Lillegraven

Konsertarena: Odda Vidaregående

Musikkfesten fortset med det flotte samarbeidet med Odda Videregåande Skule. I år har elevar ved entreprenørskapslinja og vore involverte i musikkfesten. På konserten vert det smakebitar frå festivalprogrammet.

Billettsalget starter 1. mars.
Meld deg på nyhetsbrev for å sikre deg informasjon tidlig

2. juni, 2017
kl 13.00
Pris: 250,-

Nordisk lyrikk
Ruth Lillegraven // Bengt Forsberg

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Birgitte Christensen, Bengt Forsberg og Ruth Lillegraven presenterer ein time med nordiske romansar og poesi; frå Jean Sibelius og Ture Rangström til norsk moderne lyrikk.

Kjøp billett

3. juni, 2017
kl 12.00
Pris: 250,-

Nordisk lyrikk
Bengt Forsberg // Ruth Lillegraven // Birgitte Christensen

Konsertarena: Litteraturhuset, Odda

Birgitte Christensen, Bengt Forsberg og Ruth Lillegraven presenterer ein time med nordiske romansar og poesi; frå Jean Sibelius og Ture Rangström til norsk moderne lyrikk.

Kjøp billett

4. juni, 2017
kl 9.00
Pris: 300,-

Agatunet m båt kl 09.00
Ruth Lillegraven // Sigbjørn Apeland

Konsertarena: Lagmannsstova i Agatunet

Musikk og poesi med Ruth Lillegraven og Sigbjørn Apeland, i den gamle lagmanstova på Agatunet. Eit historisk og intimt konsertlokale på ein unik plass. 09.00 Båt frå Hotel Ullensvang 10.00 Konsert 11.30 retur med båt

Kjøp billett

4. juni, 2017
kl 10.00
Pris: 300,-

Agatunet m båt kl 10.00
Ruth Lillegraven // Sigbjørn Apeland

Konsertarena: Lagmannsstova i Agatunet

Musikk og poesi med Ruth Lillegraven og Sigbjørn Apeland, i den gamle lagmanstova på Agatunet. Eit historisk og intimt konsertlokale på ein unik plass 10:00 Båt frå Hotel Ullensvang 11.00 Konsert 12.30 retur med båt

Kjøp billett

4. juni, 2017
kl 11.00
Pris: 200,-

Agatunet konsert (uten båttransport)
Ruth Lillegraven // Sigbjørn Apeland

Konsertarena: Lagmannsstova i Agatunet

Musikk og poesi med Ruth Lillegraven og Sigbjørn Apeland, i den gamle lagmanstova på Agatunet. Eit historisk og intimt konsertlokale på ein unik plass.

Kjøp billett