Marianne Thorsen

Som vinnar av fleire internasjonale konkurransar, deriblant Sion Valais International Competition i 2003, har Marianne Thorsen etablert seg som ein av Noregs leiande fiolinistar. Ho har spelt med orkester som BBC Symphony Orchestra og dei fleste symfoniorkestra i Skandinavia. Thorsen samarbeider jamleg med TrondheimSolistene. 2L-innspelinga ho gjorde med Trondheim Symfoniorkester av Ståle Kleibergs fiolinkonsert, som er tileigna ho, vart nominert til Grammy i 2010. Thorsen har i alle år vore ein aktiv kammermusikar og var medlem og medstiftar av Leopold String Trio. I perioden 2000 – 2015 var ho leiande fiolinist i det høgt renommerte Nash Ensemble of London, og frå 2009 til 2013 var ho kunstnarisk leiar for Vinterfestspill på Røros. Thorsen er professor ved Institutt for musikk ved NTNU.

Opplev Marianne Thorsen på Hardanger Musikkfest

18. mai, 2018
kl 20.00
Pris: 400,-

Gallaopning av Fjordahallen
Marianne Thorsen // TrondheimSolistene // Tuva Syvertsen // Håvard Gimse // Helge Jordal // Alexander Aga Røynstrand // Harpreet Bansal // Andreas Bratlie // Anna Talbot // André Søfteland // Geir Inge Lotsberg

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Trondheimsolistene, Håvard Gimse, Tuva Syvertsen, Helge Jordal og Marianne Thorsen inviterer til Gallaopning. Ikkje gå glipp av denne festkvelden!

19. mai, 2018
kl 12.00
Pris: 250,-

Dagny på Krossvoll
Svante Henryson // Marianne Thorsen // Håvard Gimse // Tora Augestad // Espen A. Furuseth

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Henning Sommerro sitt sterke musikkdrama om kulturpersonlegdommen Dagny Juel.

Kjøp billett

19. mai, 2018
kl 14.00
Pris: 250,-

Dagny på Krossvoll
Svante Henryson // Marianne Thorsen // Håvard Gimse // Tora Augestad // Espen A. Furuseth

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Henning Sommerro sitt sterke musikkdrama om kulturpersonlegdommen Dagny Juel.

Kjøp billett

19. mai, 2018
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert i Fjordahallen
Andreas Bratlie // Svante Henryson // Frode Haltli // Tomas Espedal // Anna Talbot // Marianne Thorsen // Håvard Gimse // Trygve Seim // TrondheimSolistene // Tuva Syvertsen // Poing // Alexander Aga Røynstrand // Harpreet Bansal // Engegårdkvartetten // Norges Ungdomskor // Yuval Weinberg // André Søfteland // Arild Helleland // Geir Inge Lotsberg // Helge Jordal

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Opplev alle artistane på festivalen i ein festaftan med høgdepunkt på rekkje og rad!

Kjøp billett