Ingeleiv Kjerland Kvammen

Ingeleiv (f. 1932), frå Granvin er dotter av meisterspelaren Anders Kjerland, og felespelet fekk tidleg ein naturleg plass i livet hennar. Ho tok til å spela i 10-årsalderen, og har seinare vore aktiv i Hardanger spelemannslag. Det siste året har ho hatt fleire konsertar saman med Frank Rolland.

Opplev Ingeleiv Kjerland Kvammen på Hardanger Musikkfest

3. juni, 2017
kl 15.00
Pris: 250,-

Fenomenet Hardingfele
Frank Rolland // Ingeleiv Kjerland Kvammen

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Opplev ei legende når Ingeleiv Kjerland Kvammen og Frank Rolland presenterer hardingfela som nyskapande instrument, tradisjonsberar og viktig historieforteljar.