Henning Sommerro

Henning Sommerro (f. 1952) er komponist, arrangør, musikar, songar og professor. Med sambygdingen og poeten Hans Hyldbakk, slo han igjennom med eit brak i 1977 med melodien “Vårsøg” som finst i ei lang rekkje songbøker og har vorte en del vår felles songskatt. Sidan då har Sommerro vore ein av landets største musikalske personlegdommar og han beveger seg leikent mellom dei forskjellegaste musikalske stilartar, men alltid med røtene frå tradisjonsmusikken i ryggmargen. Henning Sommerro er teatermusikar, har skrive musikk- og syngespel, og teater- og filmmusikk til 150 produksjonar. I Tono har han formidable 1156 verk registrert. Den erfarne komponisten Henning Sommerro har lenge kjent til historia om Dagny Juel. Etter lang tids modning og ytterlegare inntrykk etter ei reise til Tblisi i Dagny Juelsfotefar, vart Kvinnemuseet, som er etablert i bohemforfattarens barndomsheim Rolighed, kontakta. Dagny Juels 150-årsjubileum i 2017 vart eit utmerka høve for eit bestillingsverk om den mysyiske kvinna frå Kongsvinger. Me gler oss til å visa verket i Hardanger!