Håvard Lund

Håvard Lund er ein norsk musikar (klarinett og saksofon) og komponist. Lund er også kjend som medlem i Farmers Market (1991–1996) og Frode Fjellheims Jazzjoik Ensemble, seinare Transjoik (1991–1998), og Trygve Seim Ensemble (1991–2012) I 2012 gav han ut Blix by Lund , ein verdsmusikk-CD med bl.a. Unni Løvlid, Sunanda Sharma, Jai Shankar, Svante Henrysson, og MiNensemblet. Lund har i tillegg delteke på ei rekkje innspelingar bl.a. med Decoy, Fotefar, Trygve Seim, Frode Fjellheim og Anja Garbarek

%}

Opplev Håvard Lund på Hardanger Musikkfest

31. mai, 2017
kl 17.00
Pris: 250,-

Folketonar langs leia
Frank Rolland // Håvard Lund // Bengt Forsberg

Konsertarena: Galleri N. Bergslien

Opplev Bengt Forsberg, Frank Rolland og Håvard Lund utforska det musikalske spennet frå tradisjonsmusikk til improvisasjon med folketonar som kjerne.

1. juni, 2017
kl 23.00
Pris: 150,-

Festivaldrøs med Håvard Lund
Håvard Lund

Konsertarena: Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Kom på eit musikalsk sjøslag på Ekspedisjonen med Lund og venene hans. Kva som skal skje er ope, men musikalsk kreativitet vert det!

Kjøp billett

3. juni, 2017
kl 20.00
Pris: 400,-

Mozartig! Operagalla
Chorus 80 // Det Norske Solistkor // Ensemble Allegria // Håvard Lund // Lautten Compagney // Tora Augestad // Birgitte Christensen

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Opplev Allegria, 4 lokale kor, Solistkoret og solistar saman i ein stor operagalla via til Wolfgang Amadeus Mozart! Arild Helleland har regi på denne festaftan!

Kjøp billett

4. juni, 2017
kl 17.00
Pris: 200,-

Gnist
Håvard Lund // Ullensvang skulemusikklag

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Håvard Lund og Ullensvang Skulemusikklag inviterer til konserten ”Gnist” med gjesteartistar. Kva er musikalsk gnist og korleis høyrest den ut?

Kjøp billett