Geir Inge Lotsberg

Geir Inge Lotsberg studerte hjå Leif Jørgensen i Oslo og Sandor Vègh i Salzburg. Han spelte med Camerata Academica i Salzburg og var medlem i Det Norske Kammerorkester 1986-1992. Han har vore medlem av Oslo Strykekvartett sidan 1991, og han var konsertmeister for Den Norske Operas orkester i 1996–2003. I dag er han musikalsk leiar for TrondheimSolistene. Geir Inge Lotsberg spelar på ein Guarnerius (1703) stilt til råde av Dextra Musica. Med organist Kåre Nordstoga driv han to plateselskap.