Festivalkunstnar 2017: Lars Korff Lofthus

Lars Korff Lofthus studerte kunsthistorie ved Universitetet i Bergen før han reiste til Karleby i Finland for å studera ved Nordiska konstskolan. Deretter heldt han fram utdanninga si ved Kunsthøgskolen i Bergen, avdeling Akademiet, med eit års utveksling til Det Kongelige Danske Kunstakademi i København. I tillegg har han budd og arbeidd i Berlin i fleire periodar. Hovudsakleg jobbar Korff Lofthus med måleri, men produserer også skulpturar, tekst og installasjonar. Dei siste åra har Lars Korff Lofthus hatt utstillingar både i innland og utland, m.a. på Galleri Langegården i Bergen, på Hardanger Folkemuseum og på PolArt i Tromsø. Til den sistnemnde utstillinga laga han skulpturen Store Norske som lånte element frå våpen og musikkinstrument. I samarbeid med kunstnaren Leander Djønne laga han monumentet Makter og menneske som står i Odda. Monumentet vart avduka under Litteratursymposiet i Odda i 2010, og er meint som ein hyllest til dei tidlegaste industriarbeidarane i Odda. Forma på skulpturen kan minna om ein magnet, men liknar samtidig på Triumfbogen. Namnet Makter og menneske er henta frå bøkene til lokalhistorikaren Halldor O. Opedal. I 2012 vart Lars Korff Lofthus tildelt statens kunstnarstipend.

%}