Ensemble Allegria

Ensemble Allegria er eit framadstormande kammerorkester på internasjonalt toppnivå. Orkesteret har vekt oppsikt med det leikne samspelet og den energiske virtuosite sin. Sidan 2008 har kunstnerisk leiar Maria Angelika Carlsen og dei 22 medmusikarane hennar, spelt kvarandre stadig betre og vakse til å verta ei kraft å rekna med i norsk musikkliv.

%}

Opplev Ensemble Allegria på Hardanger Musikkfest

1. juni, 2017
kl 18.00
Pris: 350,-

Opningskonsert
Birgitte Christensen // Det Norske Solistkor // Ensemble Allegria // Ingfrid Breie Nyhus // Lautten Compagney // Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Årets festival har to orkester og eit kor i verdsklasse som gjester. Desse kan du oppleva på ein opningskonsert som trekk linjer frå Bach til Lachenmann. Barokkmusikk som riv med og Bartoks fantastiske ”Rumenske Danser”, er nokre av høgdepunkta på opningskvelden: “Syng for herren ein ny song!”.

2. juni, 2017
kl 21.00
Pris: 350,-

Sigrid Moldestad med Ensemble Allegria
Sigrid Moldestad // Ensemble Allegria

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

«Med si særeigne stemme og sitt kraftfulle felespel er Sigrid Moldestad ei av våre kjæraste folkemusikarar. Som artist meistrar ho kombinasjonen av å vera ei sterk scene- og historieformidlar av både tradisjonelt og nyskapande materiale.» Dette sa juryen då Moldestad fekk Medaas-prisen i 2016. Saman med Ensemble Allegria og rykande ferske arrangement vert denne konserten ei stjernestund i Hardangerhallen!

Kjøp billett

3. juni, 2017
kl 20.00
Pris: 400,-

Mozartig! Operagalla
Chorus 80 // Det Norske Solistkor // Ensemble Allegria // Håvard Lund // Lautten Compagney // Tora Augestad // Birgitte Christensen

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Opplev Allegria, 4 lokale kor, Solistkoret og solistar saman i ein stor operagalla via til Wolfgang Amadeus Mozart! Arild Helleland har regi på denne festaftan!

Kjøp billett

4. juni, 2017
kl 20.00
Pris: 300,-

Nybrott
Ensemble Allegria

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Grieg sin ”Holbergsuite” fungerer som ramma når Ensemble Allegria spelar eit heilnorskt program med norske komponistar. Nordheim, Boldstad, Hagen og Åm møter Grieg i dette nyskapande programmet.

Kjøp billett

5. juni, 2017
kl 11.00
Pris: 300,-

Avsluttingskonsert
Ensemble Allegria

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Britten og Bartok står på programmet når Ensemble Allegria rundar av årets festival.

Kjøp billett