Engegårdkvartetten

Engegårdkvartetten såg dagens lys under den spektakulære midnattssola i Lofoten i 2006. Raskt vart dette kammermusikkensemblet eitt av dei mest ettertrakta i Noreg. Kvartetten er kjend for dei modige og friske tolkingane av det klassiske repertoaret. Samstundes legg dei vekt på å markera sitt skandinaviske opphav. Kvartetten har hausta internasjonal anerkjenning, og dei har vore med på å skapa gode og tette band med fleire leiande, internasjonale utøvarar. Ambisjonen vert spegla att i svært varierte og rikhaldige konsertprogram. Kvartetten består av: Arvid Engegård, Juliet Jopling, Alex Robson og Jan Clemens Carlsen.

Opplev Engegårdkvartetten på Hardanger Musikkfest

17. mai, 2018
kl 10.00
Pris: 250,-

Frukostkonsert på Ullensvang Gjesteheim
Alexander Aga Røynstrand // Engegårdkvartetten // Harpreet Bansal // Tomas Espedal

Konsertarena: Ullensvang Gjesteheim

Artistane på festivalen setter tonen for dagens grunnlovsfeiring.

17. mai, 2018
kl 18.00
Pris: 300,-

Festkonsert i Ullensvang kyrkje
Cecilie Ore // Engegårdkvartetten // Alexander Aga Røynstrand // Svante Henryson // Trygve Seim

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Høgtideleg opningstime.

Kjøp billett

18. mai, 2018
kl 13.00
Pris: 250,-

Huskonsert i Graaten
Engegårdkvartetten

Konsertarena: Graaten

Graaten er ein gamal handelsplass frå 1880, men renovert i 1994. Engegård-kvartetten spelar, om veret tillet det - ute ved fjorden.

Kjøp billett

19. mai, 2018
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert i Fjordahallen
Andreas Bratlie // Svante Henryson // Frode Haltli // Tomas Espedal // Anna Talbot // Marianne Thorsen // Håvard Gimse // Trygve Seim // TrondheimSolistene // Tuva Syvertsen // Poing // Alexander Aga Røynstrand // Harpreet Bansal // Engegårdkvartetten // Norges Ungdomskor // Yuval Weinberg // André Søfteland // Arild Helleland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Opplev alle artistane på festivalen i ein festaftan med høgdepunkt på rekkje og rad!

Kjøp billett

20. mai, 2018
kl 13.00
Pris: 250,-

Engegårdkvartetten i Jondal kyrkje
Engegårdkvartetten

Konsertarena: Jondal kyrkje

Klassisk kammermusikk på sitt beste.

Kjøp billett

21. mai, 2018
kl 11.00
Pris: 300,-

Overtonar i Ullensvang kyrkje
Engegårdkvartetten // Norges Ungdomskor // Tyler Futrell // Yuval Weinberg

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Norges Ungdomskor og Engegårdskvartetten.

Kjøp billett