Det Norske Solistkor

Opplev Det Norske Solistkor på Hardanger Musikkfest

1. juni, 2017
kl 18.00
Pris: 350,-

Opningskonsert
Birgitte Christensen // Det Norske Solistkor // Ensemble Allegria // Ingfrid Breie Nyhus // Lautten Compagney // Therese Birkelund Ulvo // Tora Augestad

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Årets festival har to orkester og eit kor i verdsklasse som gjester. Desse kan du oppleva på ein opningskonsert som trekk linjer frå Bach til Lachenmann. Barokkmusikk som riv med og Bartoks fantastiske ”Rumenske Danser”, er nokre av høgdepunkta på opningskvelden: “Syng for herren ein ny song!”.

2. juni, 2017
kl 16.00
Pris: 300,-

Tidlaus
Tora Augestad // Lautten Compagney // Det Norske Solistkor

Konsertarena: Kinsarvik kyrkje

Opplev tidlaus magi med Lautten Compagney og Det Norske Solistkor. Dei er i samspel i vakre Kinsarvik Kyrkje med italiensk tidleg musikk og ei urframføring av Knut Vaage og Hanne Elisabeth Bramness, med Tora Augestad som solist.

Kjøp billett

3. juni, 2017
kl 20.00
Pris: 400,-

Mozartig! Operagalla
Chorus 80 // Det Norske Solistkor // Ensemble Allegria // Håvard Lund // Lautten Compagney // Tora Augestad // Birgitte Christensen

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Opplev Allegria, 4 lokale kor, Solistkoret og solistar saman i ein stor operagalla via til Wolfgang Amadeus Mozart! Arild Helleland har regi på denne festaftan!

Kjøp billett

4. juni, 2017
kl 15.00
Pris: 300,-

Det Norske Solistkor i Kraftkatedralen
Det Norske Solistkor

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Eit av dei beste kora i Europa held eigen konsert i Kraftkatedralen. Det Norske Solistkor har ein unik posisjon i norsk kulturliv. Koret har gitt over to hundre urframføringar, og av desse er over sytti verk av norske komponistar. Opplev den unike klangen til koret i eit fantastisk lokale! Program Gustav Mahler: Ich bin der Welt abhanden gekommen John Cage: Hymns and variations (del 1–4) Ørjan Matre: Orphic Songs 4 & 5 Olivier Messiaen: O sacrum Lidholm: De profundis, salme 130 Otto Olsson: O dominium salme 120 Gabrieli: Jubilate salme 66 Rachmaninoff: Blagoslovi Dusche Moya, salme 104

Kjøp billett