Arnfinn Gursli Langesæter

Arnfinn Gursli Langesæter, saxofonist frå Lofthus med mange prosjekt. Med seg har han gitarist Roar Kjeldahl Berntsen frå Jessheim. Dei spelar Langesæter sine komposisjonar og eigne arrangement av amerikanske jazzstandardlåtar. Duoen var eksamensprosjektet til Langesæter då han vart uteksaminert frå Griegakademiet i 2016.

Opplev Arnfinn Gursli Langesæter på Hardanger Musikkfest

1. juni, 2017
kl 23.00
Pris: 150,-

Festivaldrøs med Håvard Lund
Håvard Lund // Arnfinn Gursli Langesæter // Bengt Forsberg // Tora Augestad // Stian Carstensen

Konsertarena: Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Kom på eit musikalsk sjøslag på Ekspedisjonen med Lund og venene hans. Kva som skal skje er ope, men musikalsk kreativitet vert det! Håvard Lund er ein musikar og komponist med forføringsbehov, eller i alle fall eit sterkt behov for å dulta og bevega. Festivaldrøs 2017 blir eit ølvennlig ”infotainment”: eit føredrag om musikk for vaksne som har lyst til å læra. Med alfabetet som utgangspunkt skal Håvard gje dykk eit innsikt på 58 minutt i fysikken og kjemien som ligg bak den vakraste kunstarten av dei alle; musikk. Som vitskapsassistentar har han med seg Arnfinn Gursli Langesæter, Stian Carstensen, Tora Augestad, Bengt Forsberg og musikarar frå Ensemble Allegria.

3. juni, 2017
kl 13.00
Pris: 250,-

Kvikk lunsj
Arnfinn Gursli Langesæter

Konsertarena: Gløyp, Kinsarvik

Kom og opplev den unge, lovande, kvikke Arnfinn Langesæter Gursli på Gløyp. Sammen med Roar Kjeldahl Berntsen (gitar) spelar dei Langesæter sine komposisjonar og eigne arrangement av amerikanske jazzstandardlåtar. Speleglede og lunsj er inkludert i billetten!

Kjøp billett